mandag 22. april 2013

Shanghai reisetips

Etter ei lang reise heim frå Shanghai, med mellomlanding i Moskva og forsinkingar, var det godt å gå av flytoget i Oslo, byen min, og koma heim til eiga seng. Det var utruleg godt å pusta i frisk norsk luft igjen, og det var merkbart mykje stillere i Oslo enn i Shanghai. Det var litt rart å ha den følelsen når eg gjekk i gatene, midt i sentrum av Oslo. Då forstod eg kor stort Shanghai er i forhold. Litt same følelse som å koma heim til Vik frå Oslo. Og den følelsen er god. Borte bra, men heime best seiest det...


                                                            Shanghai reisetips

-Kjøp billige flybillettar på SAS. Her kan ein få billettar nede i 4500,- tur-retur.

-Taxi i Shanghai er billig. Frå flyplassen inn til byen på ca 45 min. betalte eg ca. 160 kroner. Ellers var minstetaksten i taxiane 14 kroner, og det var sjeldan det kom på over 25-30 kroner dit eg skulle. NB!  Hugs på å ha adressa klar til sjåføren, med kinesiske teikn. Det var ingen sjåførar eg møtte på som kunne lese vanlege bokstavar. Adressa finn ein på nettet, eller så hjelper hotellet med dette.

-Hotell i Shanghai er rimeleg i forhold til Norge. Og her får ein valuta for penga blir det sagt. Det er masse flotte hotell å velga i.

-Ta by-bussen, "City tour", omkring i byen for å gjera deg kjendt, og få oversikt.

-Ta turen innom dei ulike stadene som bussen stoppar på. Tempel, høge bygningar, båttur og Yu Garden. Dersom ein skal velga eitt høgt hus, ville eg valgt Perletårnet (Oriental Pearl Tower). Litt fleir ting å oppleva her som 5D kino, gjennomsiktig golv utandørs, leikerom, restaurant, flott utsikt og rett og slett eit veldig fint tårn. Eg ville ikkje kjøpt billett til toppen pga mykje kø. Det er like bra utsikt på den nest øverste utsikten.

-Utelivet må opplevast. Ta turen opp i Roosevelt bygningen som ligg på The Bund og ta ein øl eller to i skybaren. Her får ein ei fantastisk flott utsikt over skyskraperene som har lyset påslått fram til kl 23:00 kvar kveld.

-Parklivet i Shanghai er fasinerande. Legg turen til ein av parkane ein tidleg morgon. Her kan ein gå rundt å sjå på den eldre garden som trimmar og held på med Tai Shi. Eg anbefalar Fuxing Parken.

-Fabric marked og Fake marked er verdt eit besøk eller ti. Å få skreddarsydde kjolar og vesker litt rimlegare enn i Norge er eit kupp.

-Kina maten i byen er god, og ein kan få det veldig billig. I området eg budde var det ein billig og god kina restaurant som heiter Sichuan citizen. Ellers var det dumlings av kinamaten som blei min favoritt. Dette er ein melbolle fyllt med svinekjøtt.

-Dersom ein vil ha Japansk mat, og sushi, vil eg anbefale Haiku restaurantene og Kagen Teppanyaki. Den sistenevnte er veldig spennande. Her sit ein på barkrakkar rundt eit gigantisk steikebord, med kokken i midten. For ca 250,- kan ein bestille det ein vil av rettar som kokken lagar til medan gjestane ser på. Kjøt, fisk grønnsaker, ostar, sushi +++ For dei som er litt galne, er drikken "sake" vanleg å drikke til maten.

-Massasje er eit must når ein kjem til Kina og Shanghai. Her er det meget dyktige behandlera, og prisen er svært låg. Enten ein vel kinesisk massasje, stone massage, oljemassasje, fotmassasje osv. vil ein bli svært fornøgd. Den billigaste og beste staden eg var og fekk min massasje, heiter Zen, og kosta 118 kroner for 1 1/2 time. Ellers kan eg anbefale Dragon Fly, der det både er massasje, manikyr/pedikyr, ansiktsbehandling+++


                                                             Utsikten fra skybaren.


                                                   Forretten på Teppanyaki restauranten.
                                                           Steikebordet i bakgrunnen.


torsdag 11. april 2013

På gjensyn Shanghai

Då kom dagen då eg skulle reisa frå Shanghai, byen som aldri søv. Eg har blitt veldig glad i denne byen, og eg veit at eg vil koma tilbake hit. Det som har vore det beste med å bu i Shanghai har vore å få bu hjå Arna og familien, bli kjendt med den kinesiske veremåten, gå i gatene og sjå på folkelivet, kinamaten som ikkje kan samanliknast med den ein får i Norge, å sjå på skyskraperene om kvelden, shoppingen og kinesisk masasje. Dette vil eg sakne masse, masse...

Siste dagen i Shanghai var eg, Randi, Arna, Lars Petter, Solveig og Fredrik og spiste frukost på "Kommune". Ein veldig koseleg restaurant i eit område med typiske kinesiske smale gater. Her finn ein mange boder med utsalg, pubar og kafeer. Det var ei bod med masse flotte portrett, og eg knipsa i veg. Hit er det mange turistar som kjem innom.








Det blei nokon timar i bil i Shanghai for å koma seg frå a til b. Det var ikkje sjeldan at trafikken var tett i tett. Då blei det 3 timar i bil i staden for 1/2 time. Solveig og Fredrik hadde faste plassar i baksetet, og når det var fullt i bilen sat eg ofte bak saman med dei. Då blei det tralling på både engelsk og kinesisk :)



Ellers har Yellow mountain og Boracay vore turar som gjort turen min i Kina til ein av dei betre. Å bli kjendt med Emma og å få besøk av Randi var noko som toppa det heile. Bildet nedanfor er frå siste kveld på nattklubb. Takk for meg Shanghai !!!


tirsdag 9. april 2013

Perletårnet & SWFC

Perletåret (Oriental Pearl Tower) er eit av dei finaste bymerka i Shanghai synest eg. Dette tårnet set prikken over i'en. Det er eit fjernsynstårn, som ligg ytterst på Lujiazui på Pudong like ved Hauangpuelva. Byggestart var i 1991, og stod ferdig i 1995. Perletårnet har tre utsiktsetasjar som blir kalla rommodular. Den første utsikten er på 90 meter, den andre er på 263 meter, medan den høgaste er på 350 meter. Sjølve tårnet er på heile 468 meter høgt. På 267 meters høgde finst det ein dreierestaurant som er veldig fin å få seg ein betre middag i. Ellers har tårnet utstillingslokaler, kjøpesenter og hotell, 5D kino, leikeanlegg, mindre restauranter og gjennomsiktig golv utandørs på 263 meters høgde. I sokkelen på tårnet er det eit museum som er via til Shanghai sin historie. Alt dette er verdt å få med seg, og ein kan fint bruke 2 timar her.



Eg og Randi kjøpte billett til toppen. Det eg syntest toppa det heile var utsikten, og spesiellt når vi stod ute på det gjennomsiktige golvet utandørs, 263 meter over bakken. Det var veldig spesiellt å gå ut på dette golvet, og det blei små skritt ut i starten. Det var heller ikkje lenge vi orka å stå der ute, men nokon bilder fekk vi tida til... 



Neste på programmet var akrobatikk showet "Era". Utruleg fasinerande å sjå kor dyktige akrobatane er, og på den kroppsbeherskelsen dei har. Spesiellt bra var motorsykkel køyring inni ei kule, med opptil 10 sykler samtidig. Må opplevast, vanskeleg å forklare :) Showet er blitt kåra til det beste i Kina, og i tillegg blir showet halden i USA. 


Legg ved ein link av showet dersom nokon er inressert. http://www.youtube.com/watch?v=Gp1sp_PVJSw

Nedanfor viser Shanghai sin noverande høgaste bygning som eg og Randi var oppe i siste dagen. Den heiter Shanghai World Financial Center og ligg også på Pudong sida av byen. Skyskraper er på heile 492 meter, har 101 etasjer og bygd i 2008. I tillegg til kontor, konferanserom o.l, er skyskraperen eit hotell og har shopping senter i 1. etg. Når vi kom på toppen, var det ei fantastisk utsikt som møtte oss, som vises på det andre bildet under. Bygget er som ein ser på bilete, ein glas bygning, og på toppen var det moglegheit for å sjå rett ned på gata i midten av bygningen, akkurat slik som i perletårnet, berre innandørs. 



fredag 5. april 2013

Se min kjole...

Då drog vi frå fantastiske Boracay og tilbake til Shanghai. Det var fryktelig trist å dra frå denne nydelege staden, men hit skal eg tilbake. Det var nesten som ein sjokk for kroppen å dra frå over 30 grader, til 10-15 grader. Men takk og lov for ullgensaren i håndbaggasjen.

Dagen før vi drog til Boracay var eg og Randi hjå skreddaren og fekk bestillt oss kjoler i fleng, skjorter og dress. Vi blei målt opp og ned, og i dag har vi vore og henta kleda. Eg bestillte meg blandt anna ein lang kvit kjole. Litt trang, men jaja...


Dagen i går og i dag gjekk med til busstur på dobbeltdekker. No var vi verkeleg tursitar i Shanghai, og fekk sett dei mest kjende bygningane og områda i Shanghai.



Nedanfor viser Yu Garden. Her er nokon typisk kinesiske bygningar midt i byen. Yu Garden er det svært mange turistar som oppsøker, og her er det mange salgsboder, tee-house, kafear +++ Absolutt verdt å oppleva når ein er i Shanghai. Eg og Randi fann tee-house på toppen av ein av bygningane, og der fekk vi ein smaksrunde på 6 ulike te typar. Det var utruleg masse gode smakar, og eg kjende at dette var noko anna enn pose teen som eg kjøper i butikken heima. Vi fekk ein liten runde med fakta om kvar te vi smakte på. Ein te var for lykke, ein for oppvåkning, ein for vakker hud, styrke og hell osv. Spesiellt likte eg ginseng teen som blir med på flyttelasset heim til Norge. Denne skulle vera bra for det meste :)















mandag 1. april 2013

Paradiset Boracay...


Boracay er ei tropisk øy som som ligg på Filippinene. Øya er delt inn i dei tre små distrikta Balabag, Manoc-Manoc og Yapak. Det er ca 18 000 innbyggjara og arealet er ca 10 kvaderat km. Den tørre perioden er frå midten av november til midten av juni, medan regntida er fra midten av juni til midten av november. Dette fører til at Boracay har ein frodig vegetasjon. Øya er ca 7 km lang og opp til 2 km brei. Den mest kjendte stranda, "White Beach" som eg og Randi bur på, er ca 3 km lang. "White Beach" er kåra til ei av dei flottaste strenden i verda, med den nydelege kvite sanden og blått hav. Nesten alle hotell og restauranter er samla ved "White Beach", og områda dei ligg på er inndelt i stasjon 1, 2 og 3. Det er ca ein halv million turistar som besøker øya kvart år, og svært mange legg turen hit i påsken har eg erfart.  



Då var dagen for Boracay og påskeferie komen. Eg og Randi tok nattflyet til Caticlan med mellomlanding i Manilla. Vi var passe stressa begge to da vi landa i Manilla, og hadde ein liten time på oss til å koma oss ut av flyet, hente bagasjen, gjennom utallige pass kontrollar, sjekke inn bagasjen igjen og komme oss til gate. Men det gjekk bra til slutt, takk og lov. Vi landa i 6-tida, blei møtt av smilande lokalfolk, tok båt til Boracay, og endeleg var vi framme på hotellet vårt Real Maris. Hotellet ligg på stasjon 1 heilt nede ved "White Beach", og her er det som plomma i egget, heilt fantastisk. 


Det er mykje folk på øya om dagen, pga påskeferie, noko som kan vera litt for mykje til tider.  Men eg og Randi fann fort ut at det var lurt å koma seg til enden av stranda, på eit hotell som heiter "Fridays", der det var mindre folk og lite mas fra selgere osv. For ca 70 kr leiger vi solseng, parasoll og får 10 drinkar med på kjøpet, så her nyt vi tilværelsen. Temperaturen har vore på kring 30 grader kvar dag, og då klagar ikkje eg. Ja, det er varmt når ein ligg å steiker seg i sola, men eg som frys nesten heile året, set pris på denne varmen.

Det er såklart mest turistar frå Asia her, og eg har lagt merke til at det er svært mange japanere som ferierar på øya. I tillegg er det mange japanske brudepar som blir fotografert på stranda. Giftar dei seg her og skal tru? Folk frå skandinavia såg eg lite til, men det var eit par ganger eg høyrde nokre svenske og norske gloser.










Vi har sjekka ut den lokale masajen, vore på båt og segltur rundt øya, paraglida, snorkla, vore på tidenes party under åpen himmel, spist fantastisk mat, drukke verdens beste drinkar (mangodrinker er favoritten vår), sett på soloppgang og -nedgang kvar dag, jogga på stranda tidleg på morgonen, festa med lokalbefolkninga, blitt solbrendt+++ 











Alt i alt har Boracay verkeleg oppnådd sine forventingar, og dette har vore eit paradis å koma til for meg. No ventar ei lita veke tilbake i Shanghai før eg set kursen heimover til Norge...


                                                     Tusen takk for denne gang Boracay <3
                                                        


mandag 25. mars 2013

Randi :)

I dag våkna eg til ein nydeleg og klar dag her i Shanghai. Endeleg skulle Randi, som eg har venta på i tre veker, koma til byen. Eg var litt spent sidan flyet blei forsinka frå Doha, men eg og Leon møtte opp på flyplassen og venta nokon timar, og det blei eit gledeleg gjensyn. Deretter bar det rett ut på restauranten "Simply Thai", der maten var noko av det bedre eg har smakt her i Shanghai. Vi tok ein tidleg kveld, og det kjenner eg er litt godt. Det blir ein lang dag i morgon med tur til Boracay...

                                                    Endeleg fekk eg Randi i armkroken :)

Lunsj i dag blei ei form for lefser med kjøttfyll frå denne driftige dama som står på hjørna sitt kvar dag, frå tidleg morgon til sein kveld. Det er utruleg fasinerande å sjå på når ho lagar dei.


I same gata er det ei dame som bli kalla "Avocado lady" av Arna. Dette pga at det var i denne lille butikken Arna fyrst fann avocado i byen. Her er det i tillegg ein del vestlege matvarer og frukter som det er stor stas å få tak i.



søndag 24. mars 2013

"Yellow mountain"

"Yellow mountain", Huang Shan på kinesisk, med betydninga "Gulfjellet", er ei fjellkjede sør i Anhui-provinsen aust i Kina. Området er berømt for sin fantastisk flotte natur, og har i tillegg varme kjelder og naturbasseng. Det er 77 fjelltoppar her som har ei høgde på over 1000 moh. Dei tre høgste toppane er Lotustoppen (1864 moh), Lyse spisstoppen (1840 moh) og Himmeltoppen (1829 moh) Byen Huangshan som har fått navnet frå fjellkjeda, ligg i nærleiken. Huangshan blei oppført på UNESCOs Verdensarvliste i 1990 for sin naturlege skjønnheit, og er svært poppulært å dra til for turistar. Etter det blei kjendt at fjellformasjonen i filmen Avatar er inspirert av "Yellow mountain", har fjellkjeda blitt endå meir kjendt rundt om i verda. Fjellkjeda er ofte omgitt av skyer, men ein kan sjå lyseffekter som byr seg fram på toppen. Dette blir kalla "Skysjøen" og "Buddhas lys", som lokkar mange turistar til å gå opp på toppen. 





Eg og Emma har planlagt turen vår i to veker, og vi har verkeleg gleda oss. Men det var ikkje før kvelden i forvegen at vi fann ut at alt skulle ordnast. Varme klede, regntøy dersom vi skulle møte på regn, kjøpe bussbillett, kjøpe mat, printe ut reservasjon... Ja, det var faktisk mykje å tenka på plutseleg. Men vi kom i mål seint på kvelden, og tok taxi til busstasjonen kl 06.30 fredag morgon. Der satte vi oss på ein buss som skulle ta oss 6 timar, vest for Shanghai, til "Yellow mountain".


Bussturen var eit kapittel for seg sjølv. Det var heilt ok standard på bussen, men ingen toalett. Dette resulterte i at vi hadde fleire stopp på vegen, og det var såklart røyking som var det viktigaste for kinesarane, da det er heller unntaket av dei som ikkje røyker her. Pausane blei lagt opp til når folk ønska det. Bussjåføren satte anlegget på fullt, og vi høyrde på kinesisk musikk heile vegen. Takk og lov for iPhone og god musikk på øyra. Det var mange som plutseleg reiste seg opp for å ta bilde, strekke på beina, eller ha ei tøye økt. Vi hadde med andre ord underhaldning på vegen, og var svært nøgde når vi kom fram til Tangkhou, som er ein liten forlatt landsby under fjellkjeda.


Deretter tok vi lokal buss opp til inngangen til "Yellow Mountain". No var vi frykteleg spente, og det kribla i magen da vi gjekk gjennom inngangen og satte oss inn i kabel-bana som skulle ta oss fleire hundre meter rett opp dit vi skulle starte å gå. Kabel-bana var noko av det mest fantasiske eg har vore med på. Her var mitt fyrste møte med synet av fjella så nerme. Det var fleir hundre meter rett ned og rett opp. Eg fekk ikkje sjå meg nok om.

Vi begynte å gå i trappene, og det var imponerande å sjå kor mange timar som var lagt ned i stibygging, da det var hogd ut trapper rett opp og rett ned, trasseer langs fjellsida, bruer og tunnellar. Vi måtte stoppe opp å ta bilde rundt kvart hjørne, for dette måtte dokumenterast. Medan vi gjekk, kjende eg ein utruleg god følelse. Endeleg var vi komt oss opp hit, som er eit ubeskrivelig underverk. Frisk luft og fantastiske fjell på alle kantar, er ikkje feil for to jenter fra Norge som er glad i natur.








Etter vi hadde gått nokon timar, både for oss sjølve og i kø, kom det plutseleg opp eit skilt med pil til hotellet vårt "Huangshan Baiyun Hotel". Det var litt rart å komme til eit 4-stjerners hotell midt oppå fjellet. Meget bra hotell-standard, god mat og nokon velfortjente øl, var ikkje feil for 2 stk slitne kroppar. 

                                                   Emma hoppande glad utanfor hotellet

Dagen etterpå stod vi tidleg opp til frukost, gjekk tur omkring på fjellet, før vi la turen ned igjen til kabel-bana. Deretter venta 6 timar med buss tilbake til Shanghai. Men jammen var det verdt turen. Takk for ein fantastisk tur Emma !!!